Tilbake til alle arrangementer

Premiere: Arv og miljø

  • Det Norske Teatret Kristian IVs gate 8 Oslo, 0164 Norway (kart)

Arv og miljø skapte debatt og fekk strålande kritikk då framsyninga hadde urpremiere på Den Nationale Scene i 2018. No får det sjølvbiografisk inspirerte dramaet av Vigdis Hjorth nypremiere på Det Norske Teatret.

Når Vigdis Hjorths Arv og miljø får Oslo-premiere, har vi samla nokre av teaterets sterkaste krefter til å spele denne brokete familien. I sentrum står Kjersti Elvik i rolla som Bergljot. Ho har tre søsken, Astrid (Ingrid Jørgensen Dragland), Åsa (Kirsti Refseth) og Bård (Hallvard Holmen). Foreldra (Anne Marit Jacobsen og Lasse Kolsrud) har testamentert to hytter til dei to yngste barna. Dette går ikkje upåakta hen. Det blir eit arveoppgjer som opnar gamle sår for Bergljot og Bård.   

På scenen møter du også Natalie Bjerke Roland, Carl Martin Eggesbø og Kjersti Dalseide, som speler barna til Bergljot. Venninna hennar blir spelt av Ellen Birgitte Winther og kjærasten er Gard Skagestad. Rolla som revisor er Iselin Shumba.

Kjøp billett her

Forrige
Forrige
28. april

Ung IT-konferansen

Neste
Neste
5. mai

Yogamorgen på museet